Jakta på Europa
“Europa er moglegheiter og overraskingar. Europa er eit tapt paradis. Europa er viktig, men vanskeleg”.
iEuropa i Strasbourg:
Utanfor botanisk hage i Strasbourg, Frankrike, heng det ei fotoutstilling i regi av EUs delegasjon til Europarådet og Det italienske kulturinstituttet i Strasbourg. Fotografen bak utstillinga er Lisa Borgiani, som sidan 2019 har reist rundt i europeiske byar og stilt menneske spørsmålet “kva er Europa for deg?”.
Utan å skilje mellom nasjonalitet, kjøn, yrke, religion eller sosial og kulturell bakgrunn, har ho fanga kjenslene som kjem til uttrykk når enkeltpersonar blir møtt med dette spørsmålet.
Europa er moglegheiter og overraskingar
For 74 år sidan, like etter slutten av andre verdskrig, samle statsleiarane frå ti land seg i London. Her grunnla dei Europarådet - ein internasjonal organisasjon som skulle samarbeide om felles prinsipp og standardar om demokrati, menneskerettar og rettsstat på tvers av landegrensene.
Organisasjonen var ein del av eit breiare fredsprosjekt i etterkrigstida – gjennom dagleg kontakt og tettare samarbeid skulle ein sørgje for at noko liknande det som hende i fyrste halvdel av 1900-talet aldri skulle skje igjen.
Med sine 46 medlemsland frå både i og utanfor EU, er Europarådet framleis den største europeiske organisasjonen for demokrati, menneskerettar og rettsstat. Medlemslanda er representerte gjennom faste delegasjonar med base i Strasbourg. Dette samarbeidet har danna grunnlaget for fleire konvensjonar som er viktige for alle personar i Europa, til dømes Istanbulkonvensjonen (mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar).
Europa er eit tapt paradis
Russlands krig mot Ukraina og all hardferda han medfører, gjer det tydeleg at det europeiske fredsprosjektet ikkje lykkast. Trass tettare samarbeid på politiske, rettslege, økonomiske og kulturelle område, klarte ikkje landa å hindre krig i å bryte ut att.
Og det er ikkje berre Russland som truar det Europa statane saman har bygd opp: Politikarar i fleire land bruker stadig kraftigare retorikk i møte med ulike, og gjerne grenseoverskridande, utfordringar.
President Erdoğan, tidlegare ordførar av byen konvensjonen er oppkalla etter, trekte Tyrkia frå Istanbulkonvensjonen i juli 2021. Med dette mista millionar av kvinner vernet dei hadde i kraft av denne konvensjonen, ved at gjerningspersonar som skadar, misbrukar og myrdar kvinner får gå rundt ustraffa. I Polen er abort ulovleg med mindre det er fare for mora sitt liv eller graviditeten er eit resultat av ein valdtekt som er meld og dokumentert.
“Det er ikkje så rart at fleire unge enn før er bekymra for krig og uro i verda og trur at tilstanden til planeten vil bli forverra i nær framtid.”
LHBTIQ+ personar opplever stadig aukande, systematisk diskriminering. I Ungarn har statsminister Viktor Orbán utført reformar som forsterkar den politiske styringa av tidlegare uavhengig media og bankar.
Flyktningar og migrantar druknar i Middelhavet og Den engelske kanal og får umenneskeleg behandling i grenseområde og flyktningleirar. Og på toppen av dette opplever folk i stadig større grad konsekvensane av klimaendringane i form av skogbrannar, turke, flaum, ras og ekstremvêr.
Det er ikkje så rart at fleire unge enn før er bekymra for krig og uro i verda og trur at tilstanden til planeten vil bli forverra i nær framtid.
Europa er viktig, men vanskeleg
Med denne dystre utviklinga i bakhovudet er det ikkje vanskeleg å forstå kvifor nokre av menneska Borgiani spør “kva er Europa for deg?”, svarar “Europa er ein illusjon”, “Europa er ingenting”, “Europa er strengt og rasistisk”, “Europa er motbydeleg” og “Europa er berre eit ord”.
Korleis skal ein ta vare på den europeiske fellesskapen bygd så strevsamt opp etter andre verdskrig dersom innbyggjarane i landa som utgjer det mistar trua på at det er noko positivt?
Det kan verke svært langt frå ordinære menneske i europeiske byar til statsleiarar som møtest til Europarådets toppmøte i Reykjavik eller Det europeiske politiske fellesskapet toppmøte i Chisinau.
Likevel gjev fotoutstillinga eit snev av optimisme. Dei avbilda svarar òg at Europa er menneske, kultur, brorskap, kjærleik, ytringsfridom, samhald og eit vedunder.
Bak alle organisasjonane, institusjonane og byråkratiet består Europa av enkeltpersonar. Heilt vanlege folk som, eigentleg uavhengig av om dei kjenner seg europeiske eller ikkje, er ein del av ein fellesskap.
I dagens utfordrande politiske, økonomiske og miljømessige landskap er det kanskje ein eldre herremann frå Milan som har det mest treffande svaret på kva Europa er: “Europa er ein naudsynt innsats”.
Foto: Ane Holen Lorentzen