I Alsace, den historiske regionen aust i Frankrike og nærmast Sentral-Europa, kan ein på gata høyre ei blanding av fransk, tysk, engelsk – og elsassisk. Som innbyggjar i Strasbourg får ein verkeleg kjensla av å leve i ein grenseby som også på språkfronten kombinerer det beste den franske og den tyske kulturen har å by på.
iEuropa i Alsace:
Den 22. januar var det seksti år sidan Élysée-traktaten vart signert av Charles de Gaulle og Konrad Adenauer, med føremål om å skape varig fred mellom Frankrike og Tyskland etter århundrar med konflikt. Sidan den gong har franske og tyske regjeringsmedlem samarbeida tett på område som utanriks- og sikkerheitspolitikk, utdanning og kultur.
Strasbourg, og resten av Alsace, er sjølve symbolet på fransk-tysk samarbeid, identitet og kulturutveksling. Sjølv om byen i dag ligg i Frankrike, like på grensa til Tyskland, har Strasbourg og regionen rundt opp gjennom hundreåra skifta mellom å vere underlagt franske og tyske styresmakter. Resultatet er ein kulturmiks som kan sjåast på fleire måtar i byen, mellom anna på arkitekturen, maten, vinen, lovverket og ikkje minst språka som vert praktisert.
«I Strasbourg er mange gatenamn skrivne på fransk og elsassisk, så ein kan bokstaveleg talt sjå Alsaces språkhistorie i veggane.»
I Alsace har ein i mange generasjonar snakka elsassisk (fransk: Alsacien, tysk: Elsässisch). Dette språket består av ord som liknar både franske og tyske, sjølv om det er underlagt den høgtyske språkfamilien. I Strasbourg er mange gatenamn skrivne på fransk og elsassisk, så ein kan bokstaveleg talt sjå Alsaces språkhistorie i veggane.
I 1992 vart fransk nedteikna i grunnloven som einaste offisielle språk i landet, og det er difor dette som brukast offentleg. Likevel har styresmaktene oppført ei liste med «språk i Frankrike», mellom anna regionale språk, der elsassisk har fått plass. Ingen av språka på denne lista vert rekna som offisielle.
Vidare er Frankrike eit av få europeiske land som korkje har signert eller ratifisert Europarådets Rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar. Denne konvensjonen, bind mellom anna statar til både vern og fremming av høve som gjer at innbyggjarar kan praktisere regionale språk.
Det herskar ei viss oppfatning i Frankrike om at regionale språk er lik tradisjon, og mange tilskriv dei plass i folkeminne, eventyr og barnesongar. Følgjande er det fransk og – grunna nærleiken til nabolandet – standardtysk som rår i skulesystemet i Alsace.
«Ein kan starte med å lære seg det eine elsassiske ordet ein kan bruke i alle samanhengar – det kan bety hei, ha det, unnskyld, ups, kom igjen, fort, slik er det, kort sagt, det var det, og mykje mer: hopla!»
Som så mange andre regionale språk i dette landet, slit elsassisk med oppslutting. I dag snakkar 43% av innbyggjarane i Alsace elsassisk, 33% har grunnleggjande kjennskap til språket, medan 25% ikkje kan snakke det i det heile.

Ein kjend av meg, Aurélie, som har vokse opp i Kienheim ein halvtimes køyretur unna Strasbourg, høyrer til ein stad mellom dei to siste gruppene. Ho fortel at sjølv om besteforeldra hennar snakka elsassisk i oppveksten, gjorde ikkje foreldra hennar det.
Besteforeldra snakkar det framleis seg imellom, men dei har aldri læ rt Aurélie det, så resultatet er at ho forstår lite. Det ho skjønar er for det meste enkle frasar og fornærmingar (som jo kanskje er noko av det fyrste ein lærer når ein utforskar nye språk).
I tillegg til den offisielle fransken, starta tyskundervisninga hennar tidleg. På ungdomsskulen kunne ho velje å lære elsassisk som valfag, men interessa var ikkje der korkje hjå ho eller venane, og dei fleste på steget hennar heldt seg til undervisninga i standardtysk.
Trass svinnande interesse og praktisering hjå lokalbefolkninga, finst det faktisk elsassisk-språkkurs for nybyrjarar i Strasbourg. Med seks månader til rådigheit i byen, kan det kanskje vere interessant å melde seg på dette til fordel for det meir tradisjonelle fransk- eller tyskkurset?
Alternativt kan ein starte med å lære seg det eine elsassiske ordet ein kan bruke i alle samanhengar – det kan bety hei, ha det, unnskyld, ups, kom igjen, fort, slik er det, kort sagt, det var det, og mykje meir: «hopla!».
Foto: Ane Holen Lorentzen
Publisert: 16. februar 2023