ForbrukerHistorieHva skjer i Europa?Kultur og reise

Chartreuse: franske munkars grøne gull

Chartreuse: franske munkars grøne gull

Høgt oppi dei franske Alpane finst det eit kloster. Her lever om lag tretti munkar eit kontemplativt liv i stille og bøn, men med eit finurleg unntak: dei driv omfattande produksjon av likøren Chartreuse.

iEuropa i Grenoble:

I Grenoble, byen omkransa av Alpane, er den ljosgrøne likøren overalt å sjå. Dagsturar kan avsluttast med vert chaud – varm sjokolade med Chartreuse i – på kaféen ved foten av fjellet medan ein ventar på bussen attende til byen, og på ein kvar bar og restaurant i Grenoble kan han kjøpast som rein likør. Såleis er han eit fast innslag i livet til mange studentar.

Historia rundt likøren har røter attende til 1084, då Bruno den heilage etablerte eit kloster i ein dal i Chartreuse-fjella ovanfor Grenoble. Denne fjellkjeda skulle gje namn til ordenen Bruno den heilage grunnla – Karteuserordenen – og, nokre hundreår seinare, også likøren.

Klosteret La Grande Chartreuse og området rundt var ideelt for eit kontemplativt og lukka liv. Naturen rundt var rik på urter og planter, og munkane i ordenen var opptekne av å leve av det som fanst der. Då dei i 1257, på oppfordring frå kong Ludvig IX, oppretta eit kloster i nærleiken av det som i dag er Jardin du Luxembourg i Paris, vart dei vidare inspirert av dei bognande hagane i området rundt. Her starta dei å fordjupe seg i farmasi, noko som spreidde seg til dei andre klostera.

På guida tur i Chartreuse grottene – Caves de la Chartreuse – i Voiron, ein kort togtur utanfor Grenoble, vert ein fortald at opphavet til sjølve likøren kan sporast attende til 1605. Då fekk munkane i Karteuserordenen eit dokument av militærgeneralen François-Annibal d’Estrées, som var fascinert av munkane sitt handlag med medisinske planter.

Dokumentet inneheldt ei liste med 130 planter som det vart sagt kunne brukast til å lage ein eliksir som ville gje dei som drakk han eit langt liv. Kvar dokumentet kom frå og dei presise formuleringane i det (informasjon om plantene, storleiksforhald, korleis utnytte eigenskapane deira og liknande) er framleis eit mysterium. Munkane arbeidde med dette dokumentet i fleire tiår, før dei endeleg, i 1764, perfeksjonerte ein eliksir som viser seg å verke helsefremjande på fleire område.

EliksirenElixir Végétal de la Grande Chartreuse – hadde ein alkoholprosent på 71, verka mot fordøyingsproblem og sår hals, og vart endåtil brukt då koleraepidemiar herja i Frankrike og resten av Europa i 1832. Han vert framleis seld i dag, og på den guida turen får ein smake eit par dropar av han, servert på ein bitte liten marengstopp.

Etter suksessen med helseeliksiren utvikla munkane oppskrifta, og på 1830-talet ferdigstilla dei Chartreuse-likøren i to versjonar – ein grøn og ein (litt søtare og mindre alkoholhaldig) gul. Frå 1840 og fram til i dag held dei altså fram med likørproduksjonen – trass i at dei vart tvungne til å flytte frå Frankrike på ulike tidspunkt, og at destilleriet ved eit høve vart teke av ras.

Likøren vert flittig gjeve som gåve til statsoverhovud i andre land, som eit ledd i å knyte band mellom mektige europeiske statar. Etter å ha oppdaga denne franske alkoholen, drakk Nikolaj II av Russland Chartreuse til champagnen, og då Elizabeth II skulle kronast, sende munkane ei flaske til henne i gåve. Denne vart rett nok returnert utan å verte smaka på, då den nyleg krona dronninga ikkje kunne drikke noko ein ikkje var sikker på kva inneheldt.

I dag er det berre tre munkar i hovudklosteret La Grande Chartreuse som kjenner til den presise oppskrifta på Chartreuse, og dei vaktar røyndomen svært godt. Sjølv om dei lever i klosteret oppe i fjella, tek dei med jamne mellomrom turen til destilleriet for å kontrollere både farge, smak og lukt på likøren, og for om naudsynt gjere endringar. Når det er tid for utskifting av munkar som kjenner til oppskrifta, vel dei tre munkane ein ny i ordenen og lærer han opp gjennom ein omstendeleg «sjå og lær»-prosess – sidan klosteret og området rundt er ei stillesone der ingen skal snakke.

Det finst altså nesten tusen år med spanande historia bak det vesle glaset med Chartreuse ein kan kjøpe på baren i Grenoble.

Det er ikkje mogleg å vitje La Grande Chartreuse, men ein kan ta turen innom Caves de la Chartreuse i Voiron og Musée de la Grande Chartreuse for å lære om både likøren og Karteuserordenen. Eventuelt kan ein ta turen opp i fjellkjeda og rusle stille (av respekt for levemåten til munkane) i området rundt klosteret, med vert chaud på termosen.

 

 

Foto: Ane Holen Lorentzen

Publisert: 8. desember 2022

Share this post

About the author

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *