Grenoble er europeisk miljøhovudstad i 2022, og promoterer dette aktivt i bybildet. Som student i byen er likevel informasjonen forvirrande og tiltaka lite synlege.
iEuropa i Grenoble:
«Eitt steg fram, tre steg attende – det er politikken til regjeringa vår!» Demonstrasjonstoget stoppar brått opp, og alle gjer som slagordet seier – tek eitt steg fram og tre attende. Vi snublar litt i våre eigne føter når dei franske studentane rundt oss gjentek oppropet. Toget, som sakte har flytta seg gjennom sentrum av Grenoble, tiltrekkjer seg ikkje særleg merksemd utanom frå dei som allereie sit utanfor kaféar og drikk kaffi, nyt føremiddagssola og tilfeldigvis har blikket retta mot gata.
23. september har eg møtt opp i sentrum med ein handfull internasjonale venar. Trass i at det i dag vert arrangert ein global klimastreik etter initiativ frå «Fridays for future», i Noreg kanskje betre kjend som Skulestreik for klimaet, er oppmøtet framfor trappane opp til rådhuset ikkje noko å skryte av. I ein by med over 60 000 studentar ser det ikkje ut til at grøne studentforeiningar er godt representerte. Etter ei stund med venting der vi er litt usikre på om noko i det heile kjem til å skje, går eit par elevar og studentar i gang med appellar. Dei stiller seg opp i midten av trappa, ironisk nok rett framfor ein stor plakat som annonserer at Grenoble er «Capitale verte d’Europe 2022» – europeisk miljøhovudstad i 2022.
Noko av det fyrste vi gjorde som internasjonale studentar ved Sciences Po-universitetet (Institut d’études politiques) i Grenoble, var å høyre ordføraren snakke om byen. Han høyrer til partiet «Europe écologie-Les verts» (Dei Grøne) og var svært oppteken av at Grenoble i år er europeisk miljøhovudstad. Saman med dei andre byane som har motteke eller vore finalist til denne prisen vert Grenoble med i «The EU Green Capital Network», der kunnskap og løysingar på urbane miljø- og klimaproblem vert delt på tvers av landegrenser. Her samarbeider Grenoble med 33 andre europeiske byar (mellom dei Oslo, som vann prisen i 2019) om klima- og miljøvenleg byutvikling.
Fordi Grenoble ligg i eit søkk omkransa av tre fjellkjeder i Alpane, og dermed har slitt mykje med luftforureining, har politikarane prioritert å gjere det betre for innbyggjarane å bu her. Grenoble var i 2005 den fyrste byen i Frankrike til å innføre ein klimaplan; 80 prosent av varmenettverket til byen kjem frå fornybar energi, 60 prosent av maten i skulekantinar blir produsert lokalt eller økologisk, og grunna såkalla stillesonar og ei maksgrense på 30 kilometer i timen i visse område, utgjer sentrum den største lågutsleppssona i Frankrike. Vidare har byen sett ambisiøse mål for vidare utsleppsreduksjon og berekraftig utvikling, med konkrete planar for å oppnå dei. Det vert òg sagt at dei har gjort mykje for å betre kollektivtransport-tilbodet, men det verkelege transportmiddelet her er sykkelen. Byen i seg sjølv er flat – den flataste i Frankrike – og det finst sykkelstigar overalt. Eg har skaffa meg ein knallgul sykkel – ein «métrovélo» – som eg leiger i tre månader og kan behandle som om han var min eigen. Det er eit godt tilbod, og ofte mykje meir effektivt enn å vere avhengig av kollektivtrafikken, som ofte stansar grunna streik og demonstrasjonar.
Likevel, som student i Grenoble verkar det litt pussig at byen har fått prisen som europeisk miljøhovudstad. Det er vanskeleg å finne kjøterstatningar i dei fleste butikkar. I kantina på universitetet kan du få eit varmt, mettande måltid til lunsj kvar dag – med mindre du er veganar. På overnattingstur i ei av dei tre fjellkjedene som omkransar byen, organisert av ein studentorganisasjon ved Sciences Po, hadde styret gløymd å handle inn veganske alternativ til frukost. Den eine veganske personen på turen (ein irsk utvekslingsstudent) måtte ta til takke med eit eple. Det illustrerer at det er lite kultur for å vere veganar, sjølv ved det alle eg møter skildrar som eit tydeleg venstrevridd og miljøengasjert fakultet.

Vidare verkar kjeldesorteringa i byen lite truverdig. Dei fleste søppelkassene har eit todelt lokk så ein kan skilje mellom det som kan gjenvinnast og det som er restavfall. Det pussige er at det berre er éin søppelpose under, så alt avfallet hamnar i same sekk. I studentkantina er det søppelkassar ein kan kaste avfall til gjenvinning i, men ingen til restavfall, så også her hamnar alt same stad. Utanfor studentbustadene kan ein kjeldesortere, men her òg er det noko som skurrar – ein kastar mellom anna papir, plast og metall i same dunk. Mange tviler på om avfallet faktisk vert kjeldesortert; systemet er rett og slett litt vanskeleg både å skjøne og å stole på.
Kva så med studentengasjementet? Før 23. september var det svært vanskeleg å finne informasjon om at det skulle vere klimademonstrasjon. Det finst ei grøn studentforeining tilknytt Sciences Po, som hovudsakeleg jobbar med å auke medvitet rundt korleis ein som student kan leve meir miljøvenleg. Dei jobbar nett for å betre kjeldesorteringa i studentbustadar og i restaurantar på campus, og for å få meir informasjon ut til studentar. Trass i at klimavenlege løysingar og miljøet er ei av dei aller viktigaste sakane i verda i dag, møtte svært få frå Sciences Po eller den tilhøyrande grøne studentforeininga opp den 23. september.
Grenoble fortener heilt sikkert prisen som europeisk miljøhovudstad. Det er rett at utviklinga for klimaet på det politiske og administrative planet er svært positiv. Likevel er ikkje tiltaka særleg synlege i kvardagslivet til innbyggjarane – forhåpentlegvis er dette noko som vil jobbast meir med framover.
Foto: Ane Holen Lorentzen
Publisert: 24. oktober 2022