StudierUng i Europa

Å gå skule i utlandet er ei oppleving utan like

Å gå skule i utlandet er ei oppleving utan like

No sit eg her på eit bibliotek på Campus i Penryn. Penryn ligg i Cornwall, som er eit fylke i England. Ved sidan av meg har eg tre venninner som eg har blitt veldig glad i, som eg fyrst blei kjent med no siste året på universitetet. Vi er alle opptatte med å jobbe med bacheloroppgåve, noko dei kalla ‘dissertation’ her. Ordet sendar, ja, ‘shivers down my spine’, viss du forstår.

Eg har budd i England i snart tre år, og det er mykje som skjer med deg når du er så langt heimanfrå over lengre tid, både i hjartet og i hovudet. Som du ser klarar eg av og til ikkje å ordlegge meg skikkeleg på Norsk, og enkelte ting kjem noko fortare på Engelsk. Men om eg saknar Norge og språket er det jo ikkje verre enn å oppsøke mine norske venar eller ein god norsk serie eller TV-program på nettet. Nyleg har eg kome meg gjennom heimlengselen med å sjå ‘71-grader nord’. Familien min er heller ikkje vanskeleg å nå, då eg kan berre hive meg på tråden å prate litt om eg vil.

Det er mykje ein tenker på når ein snart er ferdig på universitet og heile verden står for tur. Dei siste to åra har eg jo visst kva som skjer og kvar eg skal, men no opnar det seg ei ny dør og den gjer meg både redd og spent. Redd for kva som kjem, men også redd for å miste kontakta med dei eg har blitt så glad i. Spent fordi eg er klar for nye eventyr, og å bli kjent med nye menneske.

Venane mine sit her og skriv på tastatura sine så orda flyg. Dei ser ikkje ein gong på skjermen då hovudet er langt ned i noveller og litteratur. Etter mange år som student lærar du deg sånne metodar som gjer bibliotek arbeidet meir praktisk. Sjølv om eg er klar for at dissertation er ferdig og skal leverast inn, kjenner eg at eg er ikkje heilt klar enda for å seie farvel til desse jentene utan å vite når vi skal sjåast igjen etter graduation.

Då eg prata med pappa over telefon nyleg tok eg meg sjølv i å tenke tilbake til då eg var mindre. Til den jenta som var knappe sju år og hadde allereie bestemt seg for at verden var ein skummel stad, og at ein for all del ikkje må utfordre seg sjølv. Det som var kjent var trygt, og sånn var det med den saka. Sånn fortsette det i nokre år, men så skjedde det noko på vegen som gjorde at eg fann ut at verden var spennande. Nysgjerrigheita overtok, og kjærleiken for språk vann. Plutseleg skulle eg flytte til England, utfordre meg sjølv og bli betre kjent med meg sjølv.

Ein blir så fort vant med språket, folket og situasjonen at ein kan ta seg sjølv i å gløyme at man er ikkje heime i Noreg lenger. Eg er så glad for opplevinga eg har fått, at eg håpar at andre som tenker på det same hoppar i det.

Share this post

About the author

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *